Heisann i luka.
Eg sa i førre blogginnlegg at eg skulle ta musikkorienteringseksamen. Eg leste mykje til denne eksamenen. Pensumet var ca 150 sider i Ekko1 (same boka som me hadde på musikklinja). Men eg har aldri vore særleg flink i musikkhistorie, ikkje historie generelt. Eg høyrer ikkje så mykje på klassisk musikk heller.
Men eg leste og laga tankekart og styrte på. Åt ein del smørbukkarameller - det var ikkje bra.
Eg gjekk til eksamen og skreiv det eg kom på av kapittel tre om barokken! Kjende meg rimeleg førnøgd. Det var ikkje berre musikkorientering på denne eksamenen, det var òg notelære. Sånn lett som eg kunne før eg var fødd… Fyll inn slik at taktene vert rett. Skriv intervall og treklangar og sånn. Ikkje høyrelære, berre rein teori. Lett som ein plett.
Deilig og fornøgd gjekk eg ut av eksamenslokalet. Var på besøk med Kristin Storaker seinare på kvelden. Ho hadde fått A på eksamen samme dagen. Eg gledde meg på hennar vegne. Ho hadde fått vite resultatet ho, for ho hadde munnleg. Eg berre visste det hadde gått bra. Håpte på A-bra, men B-bra kunne vere aktuelt (kanskje?). C-bra (med halen i sky) ville eg kanskje ikkje like - ikkje når det hadde gått så bra!
Nokre dagar seinare skulle eg rydde i nokre papir og setje skulepapir inni perm. Eg fann oppgåveteksten og min tredjepart av besvarelsen (bokmålsord, fysjom) til musikkorienteringa. Eg tenkte å rive av bokmålssidene til oppgåveteksten og opna heftet og skulle til å rive då det slo meg: TEORIBESVARELSEN ER INNI HER ENNO!
Herreguuuuud, er det mogleg å vere så brød?
Og den som gjekk så bra òg?
Det fyrste eg gjorde dagen etter var å snakke med læraren min. Det er forresten han eg trudde var kjendis tidlegare i bloggen. http://karikari.wordpress.com/2006/11/26/kjendisar-som-har-handla-med-meg/
Han veit at notelære er noko eg kan godt, så for hans del, kunne eg berre levere der og då, men det var eksamen og reglar og sånn.. Så han sa eg skulle gå på eksamenskontoret, men at dei kunne ringje han.
Men på eksamenskontoret var det no mercy! Må nok ta han på nytt. Og sidan dette var konte pga Malituren, kunne eg ikkje ta han oppatt før til jul. Hurra! nesten eit år, og eg hadde då planar om å vere ferdig utdanna til jul og tenk om eksamen er over nyttår slik han var i år… fytti G (som PK så fint seier det).
MEN ….. åååå, her kjem det delen eg likar:
Eg reiste til Sør-Afrika (skal skrive om det seinare, les brynhild sin i mellomtida) og prøvde å gløyme heile greia. Då eg kom heim og kom på skule, sa læraren min at ho hadde snakka med eksamenskontoret og at eg skulle få ta opp att akkurat den delen eg hadde tulla med meg heim, den - lett som ein plett - notedelen. Så den har eg teke oppatt og trur du ikkje eg fekk ein A på heile sulamitten…
HIPP
Recent Comments